Hopp til hovedinnhold

Søk gjesteinstruktør for hausten 2025Frist for å søkje er 1.juniLes meir og søk her

Tilskotsordning

Dansespor - Norsk senter for folkemusikk og folkedans

Dansespor - tilskotsordning til lokale formidlingstiltak.

Område ordninga passer for:

Hjå Norsk senter for folkemusikk og folkedans kan du søke om støtte frå ordninga "Dansespor".

  • Små dansespor: Opp til 15 000,-
  • Store dansespor: 50 000,- - 200 000,-

Dansespor har eigne retningslinjer for sine støtteordningar, og det er berre dei som har delteke på samlingane i Dansespor som kan søke. Vi vil sterkt tilrå dykk til å delt på Dansespor sine samlingar. Dei har også ei flott verktøykasse som du kan sjå her.

Kva er Dansespor?

Ein møteplass for å bygge nettverk på eit nasjonalt nivå. Samlingane skal legge til rette for erfaringsutveksling kring gode, dagsaktuelle metodar innan formidling, prosjektarbeid og folkedansfaget generelt. Dette er samlingene dei tilbyr:

Temasamling (vårsemesteret) - for eldsjeler, formidlarar og tradisjonsutøvarar som brenn for folkedans. Tema rullerer frå år til år.

Nettverkssamling for regionale konsulentar (vårsemesteret) - for dei som jobbar med og for folkedansen, og har det som heile eller deler av si stilling. (intern innkalling - ta kontakt om du vil vite meir)

Eldsjelsamling (haustsemesteret) - for eldsjeler, formidlarar og tradisjonsutøvarar som brenn for folkedans. Her vil du få moglegheit til å lære meir om prosjektarbeid, og kanskje til og med utarbeide ditt eige prosjekt. Det vil også vere ulike inspirasjonsøkter innan folkedansformidling. På denne type samling er det viktig at du som deltager veit kvifor du er på samlinga, og for kven du deltek (deg sjølv eller laget?)

Mentorering - i samband med tilskotsordningane til Dansespor, kan det også søkast om mentorering. Då vil ein person (internt ved Sff eller eksternt) kunne følge prosjektet, og bidra med rettleiing/rådgjeving undervegs. Dette avtalast mellom Sff og søkar.

Fleire tilskotsordningar

tilskot, søknad, midlar, prosjekt, barn, ungdom, aktivitetar
  • Teater
  • Folkedans
  • Levande kulturarv
  • 1. april 2023
  • 1. oktober 2023
  • 1. august 2023
  • 1. desember 2023
  • 10 000 - 500 000

Sparebanken Vest

Sparebanken Vest har fleire ulike støtteordningar, med ulike tema og nedslagsfelt

tilskot, søknad, midlar, prosjekt, barn, ungdom, aktivitetar
  • Teater
  • Folkedans
  • Bunad og handverk
  • 28. august 2023
  • 1. mars 2023
  • 20 000 – 50 000

Fond for lyd og bilde

Godgjørelse til rettighetshavere for kopiering til privat bruk som skjer frå videogram og fonogram, og for å fremme produksjon og formidling av innspelingar i lyd og/eller bilete.

  • Ungdomshus
  • 5. desember 2023
  • 50 000 - 1 000 000

ARENA - tilskuddsordning for bygg og infrastruktur

Ordninga skal medverke til at det profesjonelle prosjektbaserte kunst- og kulturfeltet i heile landet innan biletkunst, scenekunst, musikk, litteratur, tverrkunstneriske uttrykk og det frie kulturvernet har tilrettelagt, berekraftig og hensiktsmessig infrastruktur for produksjon, formidling og faglag utvikling.

OSZAR »