Ny leiar i Noregs Ungdomslag
Tone Mjelde var seks år da ho byrja danse og leike i Mjeldalen Ungdomslag, og har vore aktiv innan teater i ungdomslaget sidan ho var lita. Lokallaget hennar og fellesskapet i Noregs Ungdomslag har vore avgjerande for Mjelde, og no er ho klar for å ta over som ny leiar i Noregs Ungdomslag.

- Organisasjonen vår er utruleg viktig for enkeltmenneske, bygder og heile samfunnet vårt, fortel Mjelde. Det er stort for meg å få lov til å leie dette arbeidet. Torbjørn har gjort ein fantastisk jobb i seks år. Han har lagt eit godt fundament for at me vil klare å få til mykje bra framover.
Mjelde trakk fram viktigheita av lokallaga i både eit folkehelseperspektiv og som ein organisasjon som fremmar demokratiske prosessar, og som er samlande i eit meir og meir polarisert samfunn.

- Hadde det ikkje vore lokallaget mitt, så veit eg ikkje kvar eg hadde vore i dag, eller om eg hadde vore, sa Mjelde i tiltredingstalen sin. I tunge tider var lokallaget ein plass å høyre heime, og å føle meistring, fortel ho. Dessutan møttest besteforeldra hennar kvarande i ungdomslagsaktivitet, og foreldra hennar møttest på ein dans i eit ungdomshus. Sjølv møtte ho sin partner i teaterlaget i ungdomslaget.
- Organisasjonen vår er utruleg viktig for enkeltmenneske, bygder og heile samfunnet vårt. Og i eit folkehelseperspektiv er eg heilt sikker på at Noregs Ungdomslag bidrar til betre fysisk og psykisk helse, seier Mjelde.
Tone Mjelde tek over etter Torbjørn Bergwitz Lauen, som har vore leiar i seks år.
Styre og arbeidsutval (AU) 2025
- Tone Mjelde (1990), Hordaland Ungdomslag, Ny, 1 år, Leiar
- Ida Haugen Skulstad (2003), Hordaland Ungdomslag, Supplering, 1.år, Politisk nestleiar/Au-medlem
- Torgeir T. Fiane (1994), Aust-Agder Ungdomslag, 2 år, Org.nestleiar/AU-medlem
- Marit Kvamen (1993), Hordaland Ungdomslag, ikkje på val, Styremedlem/Vara til AU
- Terje Svindseth (1969), Bygdelagssamskipnaden, supplering 1.år, Styremedlem/Vara til AU
- Tonje Johannessen Stabbetorp (1999), Eidsiva Fylkeslag, 2 år, Styremedlem
- Roy Arne Brukbakk (1963), Nordland Ungdomslag, 2 år, Styremedlem
- Marie Nicolaisen (1985), Bygdelagssamskipnaden, 1 år, 1. vara til styret
- Veronika Hope Leilleng (1995), Troms Ungdomsfylking, 1 år, 2. vara til styret
- Anne Cathrine Johansen (1978) Bygdelagssamskipnaden, 1 år, 3. vara til styret

Fleire aktualitetar
Sjå alle
Lagsnytt 9. mai 2025
Fredag 9. mai sende Noregs Ungdomslag ut nyheitsbrevet Lagsnytt med viktig informasjon om sommarleiren 2025, gjesteinstruktørordninga, vedtak frå landsmøtet og tips til bunadsvedlikehald før 17. mai.
9. mai 2025


Dette skjedde på landsmøtet
Oslo, 26.–27. april – Med folkedans i beina, framtidsvisjonar i hovudet og 83 røysteføre delegatar i salen, gjekk landsmøtet til Noregs Ungdomslag av stabelen på Thon Hotel Opera i Oslo. Møtet ga på både inspirasjon, politiske vedtak og nytt fjes i leiarstolen.
9. mai 2025


Søk om gjesteinstruktør for hausten 2025
Skal de arrangere kurs i til dømes teater eller dans og vil ha besøk av ein instruktør? Søk innan 1. juni på gjesteinstruktørordninga vår for kurs hausten 2025.
2. mai 2025
